MARINE

Marine- og skipsinstallasjoner har me lang og god erfaring med. Allereie frå oppstarten på 80-talet har me levert anlegg til mange store og små prosjekt.
Me har óg lang erfaring innanfor installasjon av båtar til bruk i oppdretts- og havbruksnæringa, og har her fått vore med på mange spanande prosjekt oppetter åra.

Eit anna viktig område innan marine er oppgraderingar, reparasjonar, service og vedlikehald. Her utfører me oppdrag i både inn- og utland. Elecon AS kan óg utføre reparasjonar på el-anlegg i fritidsbåtar.

Vår erfaring og våre dyktige fagfolk innan marine står til disposisjon for å bistå i ditt prosjekt.

Elecon AS har utført komplett re-installasjon på "Nora Victoria" etter at båten vart heva etter ei grunnstøyting sommaren 2014.

Nybygg
Oppgraderingar og reparasjonar
Service og vedlikehald