På Hystad skule har dei no teke i bruk det nye topp moderne og universelt utforma skulebygget som skal husa fire klassar. Elecon la nyleg siste hand på sitt installasjonsarbeid, etter ein spanande prosjektperiode.

I tillegg til klasseromma er det fire grupperom, to hovudgarderobar, ulike garderobe- og toalettfasilitetar og eit flott vrimleareal der elevane kan jobba på tvers av klassar og trinn. Her er det vidare mogeleg å ha framsyningar, konsertar, presentasjonar eller ha andre aktivitetar som passar inn i ein travel skulekvardag. Det nye bygget har óg tak over uteområde, slik at elevane kan ha ein tørr plass å leika på regntunge dagar.

Nybygget er teikna av Link arkitektur AS, og Elecon har stått for elektroinstallasjonen.


Me gratulerar Hystad skule med det nye bygget.