Etter meir enn eit år i nytt hus, kan Dag Ove Isdal og familien på fire + hund konstatere at deira nye hus svarar til forventningane. – Det å byggja nytt er ein krevjande prosess på, så viktigheten av det å kunne forhalda seg til profesjonelle og dyktige leverandørar som held det dei lovar, kan ikkje framhevast nok. Elecon har vore ein særs god leverandør for oss på alle måtar, konstaterer Dag Ove.

Det skal seiast at familien med sine valg ikkje tok den enklaste vegen fram til nytt hus. – For oss var det viktig å byggje ein type hus som oppfylte våre ynskjer kring kvalitet, design og funksjonalitet, noko som naturleg førte med seg ein god del arbeid, seier Dag Ove. – Når husbygginga pågjekk samstundes med travle tider på jobb, var det viktig for oss å bruke profesjonelle leverandørar me hadde god tillit til.

Elecon var tidleg inne i prosjektet, og i eit tett samarbeid med kunden gjekk ein gjennom prosjektet og såg på kva løysingar som måtte til. Planlegging og prosjektering vart gjennomført før byggjestart, samstundes som det har vore tett oppfølging og eit godt samarbeid undervegs i heile byggjeprosessen.

Resultatet er ein flott og moderne enebolig, kor design, funksjonalitet og det å skape ein god heim for store og små har stått i fokus. Elektroinstallasjonen underbyggjer dette, og gjev dei beste forutsetningar til eit moderne og godt liv i den nye bustaden.


Me ynskjer lukke til vidare i nytt hus, og takkar for tilliten og oppdraget.

Eit strålande flott rekreasjonsområde bak huset.

Elecon har vore med gjennom heile prosjektet, og dyktige montørar har utført ein elektroinstallasjon av høg kvalitet.

Flotte detaljar som skapar stemning og trivsel.